Eg fekk ein liten openbaring her
ein dag.
Eg
har jo (som mange andre) lenge vore veldig opptatt av at interiøret skal vera
kvitt og lyst.
Men i
eit nummer av Vakre Hjem og Interiør, var ei lys og fin leilighet med nokre
svarte detaljer avbilda
- eg blei superinspirert! Det blei litt strammare,
ryddigare uttrykk.
Du kan òg finne leiligheten her.
Eg har
nemlig ein lei tendens til å legge ting og tang rundt omkring.
For
eksempel på kjøkkenet så hadde vi ei åpen bokhylle, der havna både julepynt,
bilder, bøker,
enorme mengder papir (kor kjem det frå?) og diverse babyting.
Det ser
så fryktelig rotete ut.
Men om ein kan lukka døra, så er det jo ingen som veit
at det er masse tull og tøys inni skapet!
Eg gløymer det til og med:)
Så på
finn.no fann eg eit gammalt lintøyskap som var malt kvitt.
Drog det heim, og
malte det svart!
Trur
mitt forhold til svart i interiøret fekk seg ein kraftig knekk då eg (og mange
andre:), gjekk fullstendig bananas på Black Design Shop og kjøpte alt eg kunne
komma over av svart smijern....
Detta
er ei stund sidan altså, til mitt forsvar.
Men etter at alt smijernet fekk nye
eigarar via Fretex, lova eg meg sjølv at svart, det skulle eg ikkje ha i mitt
hus! Vel, no er visst det gløymt.
Er
dessverre litt vanskelig å ta bilde av skapet for det står rett bak eit
gelender, men eg er i alle fall særs nøgd.
Det
er komt fleire svarte element inn i heimen i det siste, dei kjem plutselig her
på bloggen.
Eg er
framleis opptatt av det kvite og lyse, men no med kule svarte ting som rammar
rommet inn på ein måte.
Litt
puter, lyshus, ein skinnfell og lyng gjer også at eg er fornøyd med
spiseplassen om dagen.
Håpar
du har ei kjekk helg foran deg.
Her i
huset ligg vi flat på sofaen, skal eta taco og sjå på TV og eg er strålande
fornøyd med det:))
GOD
HELG!