Allereie 2. søndag i
advent - stas og tenne det andre lyset i kveld.
I tillegg har eg gjort
meg ferdig med alle julegåvene i dag, hurra!
Det kan jo vera greit og
ikkje ha mange ærend på kjøpesenteret dersom eg plutselig er blitt mamma:)
9.desember i dag, og eg
syns det var på høg tid med litt julepynt på soverommet.
Heilt sidan eg kjøpte
sengegavlen har eg gledd meg til å henge opp grøne kvistar til jul.
Med eit reinsdyrskinn og
litt "jule-sengeklær" så blei det skikkelig koselig.
Flanell sengeklær er jo
heilt nydelig - spesielt no som det er så kaldt.
Skikkelig julestemning
ute med all snøen, eg håpar det varer lenge.
Ein anna ting som gjer
meg julestemning om dagen er NRK sin julekalender "Julekongen":)
Heilt hekta, og må sjå
den kvar dag! Den skal nok gå sin seriersgang i mange år, så eg gler meg til å
introdusere den for vetleguten når den tid kjem.
Eg har jo gått ut i
mammapermisjon no, skummelt og veldig kjekt!
Gler meg til å få kvile
litt, men det er veldig merkelig at eg ikkje skal på jobb i morgon.
Eg håpar julestemningen
er komt i stova di òg:)





















