Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vår. Vis alle innlegg

tirsdag 5. mars 2013

I vinduskarmen

I vinduskarmen er det også teikn til vår!
Det er vel eigentlig blomane som gjer det heile. 





Fyrst til vinduskarmen på kjøkkenet.
Det har det flytta inn ei lita ugle, ranukler og fiiiinaste W&W lysestaken. 
Koselig å tenne lys når ein vasker opp eller lagar mat i lag. 





I vinduskarmen i stova er det også lys, og ikkje minst vårlige hyacinter. 
Eg elsker å tenne stearinlys over alt, men eg må legge inn søknad i 4 eksemplar til mannen min om eg har levande-lys-planar. Han blir nemlig så varm, at om vi skal tenne lys så må vi slå av varmen:)

Det var all den tida eg hadde til bloggen i dag, gler meg til neste gong:)

søndag 26. februar 2012

Vårteikn

Då var vi tilbake i byn etter ei herlig helg i Rosendal:)
Fri frå maling av lister og anna oppussingskos. 
Når vi kom heim så innsåg eg kor mykje vi faktisk har gjort allereie. 
GØY!


Våren var komen i hagen til besto mi.
Nydelige snøklokker strålte på rekke og rad. 
Kanskje det dukkar opp nokre vårteikn i vår hage og snart?


I helga har vi vore på barselbesøk og helst på ei nydelig lita jente.
Vi har òg vore på handel, det var mykje spennande og finna på dei fine butikkane:)
 

Håpar du har hatt ei fin fin helg, 
no gler eg meg til ein etterlengta bloggrunde:)