Viser innlegg med etiketten hytta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hytta. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Min påske

Plutselig var påsken over! Syns det gjekk så alt for fort. 
Påsken min har vore både by- og hyttepåske. 
Fyrste delen av påsken malte vi ferdig vetlegongen, meir om den seinare. 

Heldigvis sto ein tur heim til Rosendal på programmet også. 


Vi har blant anna vore på hytta som er på ei lita øy utanfor Rosendal. 
Her er det innlagt vatn og strøm, men ikkje varmtvatn og med snurredo. 
Alltid herlig og komma her, litt som å komma tilbake i tid. 


I strandkanten fann eg fin drivved som eg drog med meg over fjorden.  


Det godt brukte og vakre service vekker mange gode minner.
Hytta blei bygd i bestemor si tid, så mange av tinga som er her er frå ho. 


På kjøkkenet er det opne hyller, med fine blondeborder på.   


Skal det vera litt retro-potetmos eller stikkelsbærgele?
Veldig morsomt og finna sånne ting på hytta!

Ellers i påsken; 
    • har krøpe til korset og fått hjelp til å sy ut bunaden min (har ikkje gjort det sidan konfirmasjonen og i fjor hadde eg svære raude merker på magen etter eg hadde pressa meg inn i den:) På tide altså)
    • ein tur til IKEA rakk vi, mamma og eg. Det var kjekt som alltid, men ber preg av at dei er på flyttefot. jammen blir det kjekt med ny IKEA.
    • rydda i kjellaren til besto og funne ein lysegrønn og fabelaktig vinballong!!
    • blitt enig med meg sjølv om give away, stay tuned:)
    • sett filmen frå bryllaupet for fyrste gong, spennande og kjekt. 
    • eg har innsett at dei neste 4 dagane er dei siste eg har i 20-åra...:) 

Håpar du har hatt ein fabelaktig påske:)