Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

tirsdag 11. september 2012

Under the Toscan sun

Då var vi vèl heime igjen, etter ei fantastisk veke i vakre Toscana. 
Vi reiste heile familien, og har budd saman i ei veke i eit nydelig vakkert " authentic farmhouse". 
Eg må berre visa litt bilder frå huset og området rundt - sukk!


Huset låg langt oppe i ein vakker olivenlund i ei åsside utanfor byen Lucca. 
Det var litt av ein skrangle vei opp dit, men vi blei vant med den tilslutt:)
Ei nydelig utsikt møtte oss kva morgon, og saman med haugevis av varmegrader
 og solskinn så blei det ein perfekt ferie. 


Denne vakre uteplassen brukte vi masse, sjekk oliventreet - relativt stort ja:)

Deilig duftande lavendel i hagen, i tillegg var det mynte og salvie som vi kunne forsyne oss av. 


Eige basseng høyrte til huset med fantastisk utsikt!


Det store kjøkkenet var mitt absolutte favorittrom. 
Elsker strørrelsen på det - tenk å ha eit så stort kjøkken!
I tillegg var stilen landlig og vakker. 
Det som er litt uvant er kor lite lys italienarane ynskjer inn i husa sine i motsetning til oss nordmenn. 
Men det er jo logisk, når sola står på sitt høgaste for til og med forfrosne nordmenn behov for litt skygge. 

Vårt nydelige soverom, men doble dører ut til gårdsplassen:)

Vil også varmt anbefale byen Lucca. Ein veldig koselig og liten by. 

Som om ikkje alt dette var nok så var vi i eit eventyrbryllaup av dei sjeldne!
Dette skal eg leve lenge på, for no er visst hausten her:)

Ønsker deg ein fin tirsdagskveld.

fredag 27. januar 2012

Toscana ein varm sommardag

Vi har bestilt oss tur til hausten:) 
Vi er så heldige å bli invitert i bryllaup i Toscana i september. 
Heile familien med mamma, pappa, bror min og kjærasten hans. 
No har vi booka eit vakker hus i fjellsida i Toscana. 
Alle skal bu saman, det blir knall. 
Her kan vi kosa oss ein varm sommardag og sjå på utsikta:)


Kanskje ikkje så vanskelig å sjå, men eg har vore med i reisekomiteen. 
Eg er veldig glad i å organisere, og kom derfor med dette forslaget til overnatting. 


Falt fullstendig for dette rustikke og fiine kjøkkenet. 
Typisk italiensk landsbygd, perfekt!


Det blir strålande å vakna opp her med sola i ansiktet. 
Det ser faktisk ut som det er litt lik farge på veggane der som i stova vår. 
aha! Då veit eg at lilla/aubergine gardiner passar fint:)


Dette ser vi veldig fram til!
Noko å gle seg til når vi sitter i returkø på IKEA 
ein fredagskveld og går glipp av "The voice"...:)



GOD HELG:)
 

mandag 26. september 2011

Sunny San Francisco

Etter Vegas var det godt å roe litt ned i San Francisco. Guri for ein flott by. Den var veldig ekte, mange flotte gamle hus. Sånne Full House hus:)

Dette bildet er tatt på Alamo Square. Her ser vi nokre av dei få husa som fortsatt står etter jordskjelvet i 1906, foran den litt nyare byen. Eit flott motiv syns eg. Har leika meg litt i Lightroom her, så bilde har fått eit 60-talls preg. 
Vi budde på eit pitte litte hotell, som heite Petite Auberge. Her er dei vakre franske dørene inn til rommet vårt. 
Det var mitt valg for å sei da sånn. Det var eit "fransk" hotell. Altså amerikanere som vil væra franske. Haugevis med blomstertapet i alle vinklar, shabby chic møbler og ikkje minst fransk frukost kun med søtsaker:)


Eit fint gammalt skap som hadde pynta (litt overkill spør du meg:) med rosemaling. Men nattbordet var det eg likte best, nydelig grønnfarge og fine former.


Litt bilder frå den vesle terrassen vi hadde. Masse fine blomar. 

Chinatown! Om det skulle vera tvil:) Masse krimskramsbutikkar, der eg blant anna fant to nydelige blå skåler til ein billig penge. Fargerikt og fagert. 

Vi var også på vinsmaking i Sonoma, like ved Napa Valley. Det var utrulig kjekt, spesielt siden vi begynte å drikke vin kl 10:) 


 Fekk smaka mange gode vinar og kjøpte til og med ei flaske olivenolje laga på den eine vingården Robledo Family Winery.
. Den har fått plass i ei lita korg ved ovnen.

Nydelige roser stod på bordet, og til nokre av vinane fekk vi servert flytande sjokolade! NAM:)


Knallskjønne gamle postkassar var kjennemerket til Larson Family Winery.


Ein liten tur inn i Lightroom og satt litt skarpare farge på ein flott cablecar.


Ein tur på Alcatraz er vel obligatorisk. Og det var vel verd turen:) Vi reiste på ein kveldstur, og sola gjekk ned etterkvart. Litt skummelt, og veldig stemningsfullt. 

Fengselsfuglane hadde tydeligvis forsøkt å pynta litt med bilder og slikt. Det var svært trange rom, og ein spesiell opplevelse å vera der å sjå. 


Til slutt Red Velvet Cheesecake frå The Cheesecake Factory. Halleluja!

.... og eit stemningsbilde frå byen. 

Oi, det blei eit langt innlegg!
Ha ein kjempe fin dag:)


onsdag 21. september 2011

Vegas baby!

Neste stopp på bryllaupsreisa vår var fabulous Las Vegas! Det var eigentleg husbondens største ønske å reisa til Sin City, men det viste seg å vera utrulig kult. Ein bør jo sjølvsagt vera forberedt på kva som ventar ein, men det var eg. Eg har jo tross alt sett "Ocean's Eleven". 


Vi hadde to overnattingar på det utrulege hotellet Bellagio. Det er ca 2600 fleire hotellrom der enn det bur folk i Rosendal. Litt vanskelig å skjønna for meg. Det meste i Las Vegas var "over the top", men det var gjennomført med glans. Halve opplevelsen med å vera der er å bu på eit kult hotell. 


Fontene foran Bellagio er ein av attraksjonane i byen, og det var skikkelig flott å sjå på kor vatnet svinga seg etter musikken. 


Eg var veldig spent på om hotellet kun var innreda med "gull" og bling bling. Men rommet vårt var nyrenovert, og faktisk ganske fresht. Så fresht som det kan bli med ei kvit skinnseng i alle fall:)


Det var mange flotte områder på hotellet, og eg falt veldig for den delen med alle luftballongene og paraplyene. Overraskande fresht det også:)
Fekk lyst til å henge opp luftballonger og paraplyer her heima også, men det spørs om det hadde blitt det samme.

Vi var også på Cirque du Soleil på Bellagio. Det var verkeleg spektakulært, heile showet fant stad i vatnet!
Foto henta frå Google
Vi var i både "Paris" og "New York" mens vi gjekk på the Strip. Det var 42 grader på dagen og steikande sol, så vi klarte ikkje å gå så lang før vi måtte gå inn på eit nytt casino.

Eit tips dersom du skal til USA; besøk The Cheesecake Factory. Det var ein knall restaurantkjede som blant anna hadde ein eigen ostekakemeny. Meir om maten der frå oppholdet i San Francisco. Anbefales!

Det vart sjølvsagt litt gambling, men dessverre ikkje dei store gevinstane. 

Det ser kanskje ut til at eg vant noko her:) Men eg spelte det nok opp igjen med ein gang. Samme som med Flax-lodd, ond sirkel altså. 

Det var ein litt om vår tur til Vegas, ha ein strålande dag:)


lørdag 17. september 2011

New York, New York

Vi har egentlig nettopp komt heim frå bryllaupsreise i Amerika. (Det hørres så mykje meir eksotisk ut med Amerika enn USA:). Framover kjem det til å komma bilder frå turen her på bloggen. 

Hotellet vårt Library Hotel, utsikten fra rommet
Fyrste stopp var fabelaktige New York. Eg har aldri vore i der før, og hadde skyhøge (bokstavlig talt) forventningar. Som blodfan av Sex and the City, så hadde eg ein klar formening om korleis det ville vera. Og der var slik! Eller bedre. Det føltes som vi var i ein film. NY oppleves som "moderbyen", det er sikkert ikkje eit ord, men altså byen over alle byer. Ein smeltedigel og gigant, som har alt.


Vi var sjølvsagt litt slitne etter bryllaupet, men vi fekk med oss mange serverdigheter og hadde det utrulig fint i byen. 

Frihetsgudinna
New York City Library
Wall Street
Flatiron building
Rockefeller center
Central park
Bryant park
Times square
....bare gå gatelangs


I tillegg til dette så hadde eg tidlig bestemt meg for at eg ville på Potterybarn. Potterybarn er ei interiørkjede, som eg fyrst høyrde om i Friends. Anbefaler nettsidene deira for mykje inspirasjon:) Stilen er vel litt lik på Riviera Maison, men større utvalg og litt meir variasjon. 

 
Husker du denne trappa frå den fyrste Sex and the City filmen?


Butikken eg fant skuffa ikkje.
Eg syns denne senga var så enkelt og fint oppredd, så to putetrekk og ei pute derifrå blei med meg heim. Lampen på bildet under falt eg også heilt for... Men sidan NY var fyrste stopp så var det kanskje lurt å ikkje fylla opp kofferten med ein 5 kg tung lampe.



Her kjem eit lite bilderas, tydeligvis med mat i fokus:)

Amerikansk frukost anbefales!

Øystein måtte sjølvsagt sjå børsen på Wall street:)


Manhattan frå Brooklyn bridge



Til slutt; verdens BESTE brownie: Double choclatechip brownie på Starbucks:)
Skal uten tvil tilbake til denne vakre byen!


I dag er det lunsj med god vennine frå Rosendal, og vin og ost med gamle romkameratar frå studietida:)


Ha ein strålande lørdag!