Det og fylla veggande med
passande bileter, plakatar,
teikningar etc. syns eg er utrulig vanskelig.
Eg brukar laaang tid på
og finne det rette utrykket.
Konsekvensen blir då at
det ser ut som vi nettopp har flytta inn her,
sjølv om vi no har budd her i 1,5
år.
Men eg blir alltid litt
oppløfta når eg les i vakre interiørblad,
at damene i dei flotte heimane som er
avbilda, alltid har brukt laaang tid på innredninga.
Ein skal jo liksom "bu seg inn". Det passar meg:)
Uansett så har altså to
bileter smotte gjennom nålauga! Kryss i taket.
Dei har ikkje fått
veggplass, men (den minst like interessante og flotte
lene-inntil-veggen-plassen)
dei syns minst like bra.
Det største bilete kjøpte
eg som ein plakat av flotte Therese Sennerholt på Bolig-og interiørmessa.
Likte så utrulig godt
skrifta, som viste seg og vera Sennerholt si personlige handskrift.
Ramma er frå IKEA og eg
eeelskar dei runde kantane.
Det vesle bilete er rett
og slett ei fjong dame frå Home & Cottage.
Ho såg så spennande ut at
eg måtte berre ha ho på kjøkkenet mitt.
Tusen takk til dåke som
fortsatt klikkar inn på bloggen min, og ikkje minst legg igjen kommentar:)
Eg er verdas dårligaste
bloggvenn om dagen, men eg lovar og komma sterkare tilbake.
Håpar alt er vel med deg,
ha ein flott mai-kveld:)
For dei som er nysgjerrig
på heile teksten så lyder den slik;
I think I could fall
madly in bed w. you