Viser innlegg med etiketten teglsteinsvegg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten teglsteinsvegg. Vis alle innlegg

mandag 2. juli 2012

Teglsteinsvegg

Håpar du har hatt ei fin helg, og ikkje minst ein kjekk vekestart!
Vi har vore på koselig og avslappande besøk hos svigers i helga. 

PS. eg kunne ikkje risikere konsekvensen av å fjerne pappen frå golvet, då tar det nemlig laaaang tid før den kjem fram igjen.
Forrige helg gjenopptok vi (det vil sei IT-sjefen) arbeidet med teglsteinsveggen på kjøkkenet. 
Det har ligge brakk i nokre månadar i mangel på motivasjon, men med gode unnskyldningar:)
Vi valgte altså å legge teglstein på brannmuren som går mellom stova og kjøkkenet. 
Dette for ikkje å ha ein heilt kvit etasje, men ein litt kul og karakteristisk kontrast. 


Teglsteinen er faktisk lagt som fliser, det er tynn "jukse"-teglstein. 
Sjølve steinen er vi vel nesten ferdig med, men no er det arbeidet med murpussen som tar tid. 
Vi bruker kvit mørtel som vi legg mellom steinen, ganske tidkrevande:)


Forrige helg var IT-sjefen supergodt i gang, men så gjekk vi tom for mørtel - etter stengetid på byggebutikken..
Men eg tenkte uansett å vise ein liten smakebit til dåke. 
Her i dette vesle hjørnet har eg veldig lyst på ei tralle av ein eller anna sort, har sett meg ut ei på IKEA. Men dei er jo utsolgt til stadighet:)


Eit dilemma er om vi (som vi opprinnelig tenkte) skal legge litt ekstra mørtel på veggen. 
Altså slik at ikkje teglsteinsmønsteret blir så tydelig og raudfargen er litt dempa. 
Vi har forsøkt det såvidt her, som du ser på bildet.. 
Blir nok vanskelig å bestemme seg før det er ferdig - men kva trur du?

Ha ein strålande mandagskveld!

Her i huset skal eg pleie ein sjuk IT-sjef med Cola og ostepop, 
så blir det Dallas seinare i kveld - blir morsomt å sjå det igjen:)



torsdag 22. mars 2012

Under construction

I dag har vore ein fin dag i Bergen. 
Lyst heilt til klokka sju og tørr asfalt - våren er her:)


Både mannen min og eg jobbar veldig mykje om dagen, 
så vi har ikkje komt noko vidare med teglsteinen. 
Men eg tenkte å vise dåke ein liten smakebit - under construction. 
Bildet er ustyla og tatt utan å ta vekk papp og lignande
(oppdaga det fyrst då lyset var vekke, så konkluderte med at det fekk gå for denne gong:)


Teglsteinen skal grovpussast med kvit mørtel.
Sjølve steinen kjem til å bli mindre synlig. 
Factory er vel stikkordet:)

Snart er det helg igjen - vi har ingen planar, Love It!