Viser innlegg med etiketten give away. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten give away. Vis alle innlegg

mandag 7. mai 2012

Trekning av Give Away

Plutselig var det gått ei veke sidan forrige innlegg!
Eg har vore fleire dagar i Stockholm på jobb utan PCen min.
I helga var eg i Rosendal, men der var det brudd på ein sjøkabel og dårlig med internet tilgang:(
Men av og til er det jo godt med ein liten PC pause - eg har fått lest ferdig ei god bok og slappa mykje av. 


Må berre vise dette bilde tatt utanfor Galleri G Guddal i Rosendal. 
Vedkubbane er laga av Bodil Friele - eit forfriskande syn!


I dag er det 7.mai og som annonsert så er det klart for trekning av min fyrste Give Away!
Hurra, så spennande. Det var jo kjempe mange som hadde lyst å vera med - veldig kjekt:)
Eg er usikker på korleis det fungerer med ulike verktøy så difor blei det trekning på gamlemåten. 
Alle namna er skrevet ned etter så mange gonger dei skal med blyant og klypt opp i betar. 


Fruehus-mannen har stått for sjølve trekninga, og den heldige vinnaren blei: 


Så utrulig kjekt at du vant:) Gratulerer så masse!!
Bersøk gjerne Sommerlyst sin inspirerande blogg ved å trykke her. 

Fruehus-mannen er verkelig i farta om dagen, for han har nemlig nettopp henta bursdagsgåva eg har bestilt til meg sjølv frå Riviera Maison - lovar at det kjem bilder i løpet av veka. 

Ønsker deg ei super veke, no er vi i andre veka i mai 
- tenk på det:)

torsdag 19. april 2012

Give Away

Endelig er det klart for min fyrste Give Away!
Så utrulig stas at eg no har passert 10 000 besøkande, 
har 66 følgere og hatt 119 innlegg. 

Eg ynskjer gjerne å gje noko tilbake til mine kjekke lesera:)
Derfor loddar eg ut 4 utgåver av det flotte bladet "Vakre Hjem og Interiør". 
Det er eit av mine favorittblad, og eg finn mykje inspirasjon her. 
Dei fire neste utgåvene kjem rett i postkassen til vinnaren!


Alle som ynskjer å ta eit lodd kan gjera det, med eller uten blogg. 
Eg hugsar at eg aldri turde å vera med på Give Aways før eg fekk eigen blogg - eg håpar du tenker annarleis:)
Hugs å skriv navn og epost adresse i kommentaren om du ikkje har blogg. 

Slik blir du med i trekninga:

1 lodd sikrar du deg dersom du skriv ein kommentar på dette innlegget. 
1 lodd legg du i hatten dersom du legg deg til som følgar i bloggen min
1 lodd gjer deg vinnarmulighet om du linkar til min Give Away på din blogg  (ved å bruke bildet øverst i innlegget)

Du kan altså sikra deg 3 lodd tilsammen. 

Trekning 7.mai

Så spennande:) Eg håpar du har lyst å vera med!

Tusen takk igjen for alle dei kjekke orda dåke legg igjen her hos meg. 

For ordensskuld; dette innlegget er ikkje sponsa.