Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

mandag 13. mai 2013

Mandagskake!


Tida rasar jammen av garde - plutselig var det gått nokre veker sidan forrige blogginnlegg igjen. 
Her hos oss er alt berre velstand i grunn:)

Men eg må sei eg er full av beundring for dei jentene som klarar å lage fleire blogginnlegg i veka i fødselspermisjon. Eg skjønner bare ikkje korleis ein får tida til å strekke til. 
Hadde jo tenkt at eg kom til og ha masse tid til bloggen, og ikkje minst til huset, når eg skulle ha "fri" i eit år. 
Ein ting er og få inspirasjon og å vera kreativ,
så må ein jo ta bildene, redigere og legge ut på verdsveven. 

Dagane våre går med til kosing med vetleguten, trilleturar, leiking og besøk av familie og venner.
Då går tida brått veldig fort, når ein har det kjekt altså:)

Kanskje blir det meir tid til overs etterkvart? Vi får sjå:)

Forrige veke hadde eg eit aldri så liten fot innanfor bloggverden igjen. 
Eg har nemlig hatt besøk av tre flotte bloggvenniner,



Vi har hatt ein strålande koselig middag med "make-your-own-pita-pizza" - enkelt og genialt. 
Så avslutta vi skravlekvelden med ei fabelaktig kake, no døypt til mandagskake. 
Tenkte eg skulle berre hiva inn oppskrifta for dei som måtte få lyst på noko godt. 
Kaka heiter eigentlig Safarikake, og oppskrifta har eg fått av mamma. 

1 pk Safarikjeks knusast og blandas saman med 50g smelta smør.
Legg utover ei lita kakeform (gjerne på 20 cm).
Pisk deretter 75 gram melis saman med 200 gram Philalelphia ost. 
Bland dette med ein boks piska kremfløyte. Legges oppå Safarikjeksen. 
Toppen av kaka fyller du med alle dei bæra du får plass til. 

Kjempe enkel og lage + den kan lagast dagen i forvegen.

Bilde frå instagram, så litt dårlig kvalitet:)

Kvifor mandagskake spør du? Jo - det er jo mykje frukt på må veta:)

Håpar du får ei flott veke!

tirsdag 13. desember 2011

Kjøkkenet vårt

Puh! Det går verkelig full fart fram mot flyttedato. 
Flyttedato til Fruehuset:)

Vi skal tilbringe helga med å flytte og vaske, 
no jobbar fabelaktige håndverkere med
å bli klar til å installere kjøkkenet!


Så - kanskje vi må bestille kjøkkenet snart?
Det er nesten klart for siste tur til IKEA (haha, neppe)
Slik ser det altså ut:) Eg er superfornøyd!

Spesielt med høgskapa til venstre
Den store kvite vasken med vindauga
Vitrineskapa til høgre

Men eg treng litt hjelp frå deg:


Vi står nemleg mellom disse to benkeplatene...
Kva for ei syns du vi skal velgja?
Den til venstre eller den til høgre?
Dei er begge laminat.. 
Eigentleg så ville eg ha eik, 
men fornuften seira!




I dag var siste dagen på Thaimat-kurset som eg har
gått på dei siste fire tirsdagane med goode venniner. 

Eg kjem nok til å dela litt oppskrifter framover
(når eg berre får meg eit kjøkken:)
Det er utrulig enkelt og kjapt å lage thaimat.
NAM så godt:) Og sunt!

Fin tirsdagskveld til deg:)