Viser innlegg med etiketten tradisjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tradisjon. Vis alle innlegg

søndag 1. desember 2013

Julekalender

Hurra - det er desember og juletid:)

Eg elskar jula!

Alle tradisjonane, familiebesøka, den fantastisk maten, dei herlige duftene og generell barnslig glede. 
I helga har vi hatt venninnejulebord, og eg har faktisk pynta ein del til jul. 
Vår tradisjon her i huset, er at når advent kjem - då er (nærmast) alt lov. 
Det kjem bileter av eit enkelt, dekka bord etterkvart. 



Julekalender har eg sjølv vore så heldig å veksa opp med. 
Difor måtte eg sjølvsagt stelle i stand ein gåvekalender til vetleguten. 
Men etter litt diskusjonar med meg sjølv, så kom eg fram til at det hadde jo vore gråååådig koselig 
å hatt ein tredelt kalender. Velteguten, mor og far - kvar sin dag:)
Så derfor har eg sendt far på gåvehandel, og eg gler meg som ein unge til det er min dag. 



Gåvene har eg hengt opp i ein tråd på gelenderet i trappa. 
Så kleisa eg på ein heil haug med deilig, duftande granbar. 
Den forsvann jo nesten då gåvene kom opp, men dei måtte jo neste vera med:)
Posane har eg funne på Kremmerhuset, og oppi er det mykje snadder. 



Det luktar så godt når ein går opp trappa - julestemning altså!
Eg er berre litt spent på korleis det ser ut når vi er halvvegs til jul. 
Granbar er vel kjend for å drysse litt så vidt eg veit?
Vel, den tid den sorg. 



På krakken nedanfor står ein ivrig raud amaryllis. 
Den skal få sin plass i rampelyset etterkvart som det går tomt for gåveposar på gelenderet. 



Håpar du har hatt ei herlig adventshelg!

mandag 17. desember 2012

Julestemning

Julestemninga har heilt klart inntatt kjøkkenet vårt. 
Eg likar tradisjonelle fargar til jul, ser ikkje ut til at det er det mest trendy i år - men det betyr jo ingenting:)
Det viktigaste er jo at ein får julestemning uavhengig av om jula di er raud, kvit, brun eller grøn - eller alt på ein gong slik som hos meg. 


Eg har uten tvil dilla på striper i år!
Det er så masse fint, både i dukar, serviettar, puter og gardiner.
Utfordringa er vel berre og ikkje la stripene ta overhand i alle mulige valører. 


På kjøkkenet har eg hengt opp to fiine kransar som eg kjøpte på Jul i Rosendal. 
Siden vindauga er så stort så tenkte eg at det kunne bli fint med to attmed kvarandre. 
Eg er fornøyd med resultatet, men som ikkje syns på bildet er at kransane snurrer rundt og ikkje står akkurat sånn som eg vil. Så det blei interessant når eg skulle ta bilder:) Bort og skubbe litt på dei, så springe tilbake og knipse! Om nokon har tips om stilleståande kransar, så skrik gjerne ut. 


I dag er andre mandagen min i permisjon - og fyrste dagen eg ikkje har planar. 
Hektisk med permisjon altså:) Jaja, eg trur eg får prøve å bake litt (dvs. kjevle ut litt IKEA pepperkakedeig). 


I kveld blir det ribbemiddag med gode vener, det er så kjekt å starta nye tradisjonar! Gler meg. 

Ha ein strålande mandag!



søndag 29. juli 2012

Arvegods frå 60-talet

Sommar, ferietid og latskap = lav bloggaktivitet:)
Det er berre å beklage den særs uregelmessige blogginga. 
Ikkje har eg gode unnskyldningar heller, det skjer berre ikkje så masse:)


Men tusen takk for alle dei koselige kommentarane eg får, nye følgere er komt til også - VELKOMMEN!


I dag har vi fått storfint besøk av mamma, og i den anledning brukte vi dette servicet for fyrste gong. 
Det nydelige service fekk vi til bryllaupet av besto mi. 


Ho fekk det i si tid av besten, som hadde kjøpt det då han som sjømann var i Japan på 60-talet. 
Du kan tru eg blei glad når dette låg på gåvebordet vårt:)
Det er eit fullstendig både middag og kaffi service. 
Og i særs god stand. 

Utrulig stas og ha eit service som har ein historie i familien. 
I dag kunne for eksempel mamma fortelje at dei brukte dette når dei fekk besøk når ho var liten. 

Det blei eit skikkelig sommarbord, og eg serverte hot kyllingsuppe og kvitløksbrød, nam!
No kosar vi oss med moreller frå Hardanger:)


Håpar det ikkje blir lenge til neste gong, men ein veit aldri:)

NYT sommaren vidare!