Eg har nettopp lagt bak meg ei
aldeles strålande helg!
Eg
har sjølvsagt vore på Interiør-og boligmessa i Bergen:)
Det
blei nesten som julafta altså:)
Med det meiner eg at det å glede seg og å
snakke om det på forhånd har vore halve moroa,
og det var ikkje dei materielle
tinga som blei viktigast
- men alle dei utrulig kjekke folka eg har vore
med.
Vi
begynte allereie på torsdag, men ein klubbkveld hos skjønne ElleMell
i lag med
PinkLady, LillPastill og æresmedlem av klubben vår; Fabelaktig.
Etter
denne kvelden så hang vi sammen som erteris heile helga:)
Det
er heilt utrulig at 5 personar som i utgangspunktet ikkje har noko anna til
felles enn interessa for interiør, skal klikke så bra saman og rett og slett ha
det utrulig morsomt.
Fredagen
var vi på Villa Skjoldtun, eit genialt konsept. Rett og slett eit nydelig
vakkert hus som er brukt som showroom for ulike leverandørar. Eg gleda meg
aller mest til Kvänum sine kjøkken. Ønsker meg veldig veldig eit Kvänum kjøkken
ein vakker dag. Uansett ein særs trivelig kveld. Her er eit lite bilde inni eit skap (var visst alt eg klarte å ta bilde av:). Men digga løysinga inni skapet, får tak i alt!
Lørdag
var det champagnefrukost på messa. Veldig kjekt, må jo berre bli ein fin dag
når ein startar med bobler! Etterpå var det vandring i messehallen og
sushilunsj:)
På
kvelden spiste vi middag på koselige Naboen, eit veldig god restaurant som
eg anbefaler på det varmaste om du vil ha god mat og drikke, kvite dukar,
uformelt miljø og god service:)
FOR
ein kveld, eg hadde jo husmorferie! Og det utnytta eg maks:) Det var både
raudvin og høge helar.
Tusen
takk for ein uforgløymelig kveld, som eg kjem til å leva lenge på!
Bilder av nokre av mine favoritt stands; Pihls Paradis, Toneblomst og Urdihuset.
Og eit lite bilde av ein liten brøkdel av sprudlevatnet som gjekk med på lørdagen:)
Søndagen
var eg jo riiiimelig utslitt, men eg fekk fort fart på meg for då kom det 10
store og små gjester på texmex lunsj:) Veldig koselig, og eg var utrulig
takknemlig for at ein av gjestene faktisk troppa opp og laga all maten. Ein
perfekt avslutning på ei fortryllande helg!
Legger
ved eit fint bilde av vetleguten (han var med på messa på fredagen) og meg,
tatt av Fabelaktige Maia:)
Det har skjedd litt av kvart i Fruehuset i det siste, eg satsar på at det kjem på bloggen snart.
God kveld til deg:)