Tida rasar jammen av
garde - plutselig var det gått nokre veker sidan forrige blogginnlegg
igjen.
Her hos oss er alt berre
velstand i grunn:)
Men eg må sei eg er full
av beundring for dei jentene som klarar å lage fleire blogginnlegg i veka i
fødselspermisjon. Eg skjønner bare ikkje korleis ein får tida til å strekke
til.
Hadde jo tenkt at eg kom til og ha masse tid til bloggen, og ikkje minst til huset, når eg skulle ha "fri" i eit år.
Hadde jo tenkt at eg kom til og ha masse tid til bloggen, og ikkje minst til huset, når eg skulle ha "fri" i eit år.
Ein ting er og få inspirasjon og å vera kreativ,
så må ein jo ta bildene, redigere og legge ut på verdsveven.
så må ein jo ta bildene, redigere og legge ut på verdsveven.
Dagane våre går med til kosing med vetleguten, trilleturar, leiking og besøk av familie og venner.
Då går tida brått veldig
fort, når ein har det kjekt altså:)
Kanskje blir det meir tid
til overs etterkvart? Vi får sjå:)
Forrige veke hadde eg eit
aldri så liten fot innanfor bloggverden igjen.
Eg har nemlig hatt besøk
av tre flotte bloggvenniner,
Vi har hatt ein strålande
koselig middag med "make-your-own-pita-pizza" - enkelt og
genialt.
Så avslutta vi
skravlekvelden med ei fabelaktig kake, no døypt til mandagskake.
Tenkte eg skulle berre
hiva inn oppskrifta for dei som måtte få lyst på noko godt.
Kaka heiter eigentlig
Safarikake, og oppskrifta har eg fått av mamma.
1 pk Safarikjeks knusast
og blandas saman med 50g smelta smør.
Legg utover ei lita
kakeform (gjerne på 20 cm).
Pisk deretter 75 gram
melis saman med 200 gram Philalelphia ost.
Bland dette med ein boks
piska kremfløyte. Legges oppå Safarikjeksen.
Toppen av kaka fyller du
med alle dei bæra du får plass til.
Kjempe enkel og lage +
den kan lagast dagen i forvegen.
Kvifor mandagskake spør
du? Jo - det er jo mykje frukt på må veta:)
Håpar du får ei flott
veke!
2 kommentarer:
Takk takk for mandagskake tips! Det blir ei onsdagskake ;-) Får mine skjønne søskenbarn på besøk på onsdag, og tante, då skal me spisa middag (tenker det vert pai med ein grøn salat og kvitlauksdressing), me skal drikka vin og me skal altså då ha ein onsdagskake :) Frukta venter eg gjerne med til samme dagen, eller?
Permisjonstida går kjempe fort. Bruk tida på kos og kosemos med vetleguten, blogginga kan du ta att seinare. Helsing ei som plutselig har store gutar, snufs!
Klem Eli :)
Nam! Den kaka så god ut :)
Hørtes ut som en kjempekoselig kveld du hadde med venninner - trengs litt jenteskravling i blant ;)
Ha en flott kveld!
-Ingrid
Legg inn en kommentar