lørdag 10. desember 2011

Parkettglede

I dag har vi vore oppe i huset, og der var parketten vår komt:)
Er super fornøyd med å valget, og håper eg kjem til å syns det når golvet er lagt også. 
Vi valgte 1-stavs Ask hvitmattlakkert. 

Foto Gulvnett.no
Men herlighet kor masse det er å tenke på
Alt frå parkettunderlag til plassering av stikkontakter,
størrelse på lister og valg av farge i stova
GØY!


Her er herligheten, og med eit lite glimt av gangen vår med "badstu-tema":)


Ei rose som fortsatt har blader i ein hage fylt med snø:)

Håper du har ei kjempe fin helg så langt!
Hos oss blir det avslapping, taco og gullrekka (opptak fra i går:)


torsdag 8. desember 2011

Sköna julhem

Nok ein tur til Stockholm, passar fint med liten storm på Flesland:)
Alltid heldig:)

Men litt vakre inspirasjonsbilder får eg ta med på vegen til gamle landet.

Foto Sköna hem
Vakker trapp med eit nydelig pynta utebord. Tenk kor fint det hadde blitt med snø på:)

Foto Sköna hem
Landligt og fint pynta med naturelementer

Foto Sköna hem
Lyst å fint, og eit liiite julatre:) Syns å vera trenden i år.

Foto Sköna hem
Tilslutt ei flott spisebord kor eg gjerne kunne ete julemiddagen.
Eg har eigentlig bestemt meg for å ha eit kvitt vitrineskap,
men lurer på å kanskje prøve meg på eit brunt eller svart. Fint med kontraster:)

Snart er det helg igjen, god torsdagskveld!





tirsdag 6. desember 2011

Wintersong

I dag har Bergen blitt dekka med eit kvitt teppe. 
Eit kvitt teppe som sjelden varer lenge.
Derfor blir vi litt sjokkert her på Vestlandet
Vertfall dei som var ute å kjørte bil i dag


Eg knipsa nokre bilete med telefonen på vei heim i dag. 

Eg brukte nemlig 1 time til jobb kvar vei. 
Det er ca 5 km.

Heldigvis var det masse vakkert å ta bilde av på turen.
"Den blå timen"


No har vi revet opp parketten på kjøkenet, og då kom dette lekre laminatet til syne!
Hehe, lurer på kva anna vi kjem til å komma over mens vi pusse opp:)


Ein nyyydelig vakker song som passar til denne dagen. 
"Winter song" av Sarah Bareilles og Ingrid Michaelson

Ha ein fin vinterkveld:)


søndag 4. desember 2011

Ei lita sølvgran


Som eg har nevnt tidligare så var eg veldig bestemt på at juletre, det skulle eg ha. 
Sjølv om vi lever mellom esker og sparkel, malingsspann og brekkjern så må vi jo ha juletre!


I følge Fruehus-mannen så kunne eg gjerne kjøpe juletre, så lenge eg skaffa det sjølv
Til  min store overraskelse og glede så fant eg juletre på blomsterbutikken på bystasjonen (!)
haha, det hadde han nok ikkje trudd nei.


Så like etter kom eg på døra med eit juletre
Ei lita, vakker sølvgran bar eg med meg heim.

2. sundag i advent i dag!
Då må vi tenne lys:)

Tenn lys!
To lys skal skinne for kjærlighet og tro, 
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem. 
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.


Ha ein kjempe fin kveld!

PS. Veggfargen frå forrige innlegg heiter Krydder 
frå Lady Pure.

lørdag 3. desember 2011

Ynskjeliste hos Hviit 2

Ein liten tur innom for å ynskje deg ein fin laurdagskveld:)
I tillegg må eg sikre meg eit lodd i Hviit sin adventskalender med mi ynskjeliste.

Spesielt Tine K lampen står høgt på lista, den er såå fin:)

Her i Bergen bles det stikkar og strå!
Derfor er det fint å tenne levande lys og krype under pleddet. 
God helg vidare:)


fredag 2. desember 2011

Magiske desember

Eg blir glad bare av ordet. 
Desember. 
Høyr så fin klang! 
Det er sikkert utrulig klisjè å sei det, 
men eg forbinder så mykje glede og spenning med denne månaden.

Desember 2011 blir spesiell for oss. Det blir mi fyrste jul i blogglandia og fyrste jul i nytt hus!
Dette blir kanskje huska som jula kor vi var nygifte i nytt hus og med ei fru som var blitt hekta på blogging.

Det vil sei, vi skal ikkje feira jul der, men vi har nettopp overtatt. Gler meg enormt. 
Nesten alt i huset er originalt 60-talls inventar. Men med ein gang vi kjem opp der, så blir eg så glad. Heile huset utstråler sånn varme og sjel. Så det gjer ikkje meg noko at vi kjem til å bruke tid på å pusse opp. Og ikkje minst bli kjent med huset vårt:)


Dei fyrste malingstrøka er tatt!
Og mange fleire skal det bli:)


Ønsker deg ei stårlande helg:)

torsdag 1. desember 2011

Førjulskos hos Pink Lady

I går var det duka for eit nytt bloggtreff:)
Utrulig kjekt å plutselig bli kjent med kjekke jenter 
som eg truleg ikkje hadde møtt hadde det ikkje vore for bloggen. 

Riviera Maison inviterte til kundekveld på Exhibition 
og då inviterte Pink Lady nokre av oss på førjulskos fyrst.


Pink Lady og Fabelaktig hadde baka og styrt på. 
Kjempe koselig:)
Vi fekk både muffins, colakaker, vafler, appelsinkake og ikkje minst verdens beste julebrus. 
Dei kjekke jentene som var med var:


Hos Riviera Maison var det oss og 570 andre ivrige kundar:)
Men butikken er jammen fin altså!
Her er eit vakker dekka bord ++


Eg har alltid lurt på korleis ein skal uttale navnet på butikken
I ein periode sa eg "Riviera Mansion" (altså mænsjon)
Men det er visst "Riviera Maison" (maiså)
Så veit vi det:)

Her er stolen min, eller den som eg ynskjer meg iallefall!


Kule salt og pepper bøsser:)

Tusen takk for ein kjempe kjekk kveld jenter!
Gler meg til neste gong:)

God torsdag

tirsdag 29. november 2011

"Mom returns..

.. and the finale"
Musikk og film er ein stor del av jul syns eg. 
Ein av mine (mange) både musikk og film favorittar er "Home Alone", den fyrste. 
Filmen er superskjønn, og den har masse god filmmusikk. 


Her er det flotte huset frå filmen, om eg hugsar rett så var det til salgs for ikkje så lenge siden. 
Ja, det hadde vært noko å vaske på det!:)

Blant anna er eine sporet kalt "Mom returns and the finale". 
Som sjølvsagt er frå avslutningscenen, nydelig syns eg. 


Trykk på pila så kjem melodien (trur eg:)
Tusen takk for alle dei kjempe fine kommentarane på adventstaken min:))

Håpar du får ein fabelaktig tirsdag!

søndag 27. november 2011

Den beste tida

No er adventstida offisielt i gang:)
Tenk at det er 1. sundag i advent i dag. 
Masse kjekke ting vi kan gle oss til i tida som kjem.
Dei kommande 3 vekene er det beste med jula
Alle forventningane, planlegginga og koooosen. 


Her er årets adventstake:)
Enkle kvite lys.
Granateple og hyacint.

Eg gler meg til å tenna fyrste lyset i dag:)


Då eg var liten song eg i eit barnekor, Måltrosten:)
Då song vi "Tenn lys" til advent.
Her er fyrste vers:

Tenn lys
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.


Ha ein strålande 1.sundag i advent:)


lørdag 26. november 2011

Krydderhylle

I dag vi begynt å rive kjøken:)
Det er nesten litt trist, for det er så fint.
Men det er for lite funksjonelt. 

Men sjå disse skjønne krydderhyllene!

Eg skal ta godt vare på dei, 
så skal vi sjå om eg finn ein fin plass til dei på det nye kjøkkenet. 

I dag har det vore lysfest her i Bergen - i øs, pøs regnvêr.
Men då fyrverkeriet braut laus, stod vi å kjøpte maling til soverommet.
Dagen gjekk visst i frå oss, har ein følelse av at det kjem til å bli sånn framover:)

No er eg nettopp ferdig med årets adventstake.
Den skal du få sjå i morgon:)

Ønsker deg ein fabelaktig laurdagskveld