tirsdag 4. oktober 2011

Himmelske Hawaii

Vi avslutta vår livs bryllaupsreise på vakre Hawaii:)
Tenkte at når vi fyrst var så langt vekke, så kunne vi liksågodt reise så langt vekk frå Bergen som mulig. 
Hawaii består jo av ein del øyer. Etter tips frå gode vener (og no naboar:) så valgte vi øya Kauaì. 
Her er bilete frå Keè Beach. 
Vi budde på Westin Princville resort. Himmel kor flott det var der:)
Her er bilete på kvelden når alle faklane blei tent. 
Det stod mange griller rundt om i hagen, som vi kunne bruke til å lage mat. Genialt!


Bil måtte vi leige, det er visst svært uvanlig å ikkje ha bil i Amerika. 
Det er jaggu ikkje ofte vi har ei sånn utsikt ut bilen. 
Det går vel mest i sidelegs regn og folk med vrengte papaplyar. 


Kvar dag køyrte vi rundt på "strandsafari". Det var veldig lite turistar på Kauaì, behagelig:)
Stort sett lokalbefolkning rundt oss som dansa med bølgene. 
Uredde 5 åringar som kasta seg uti, mens eg stod på land å speida etter hai. 


På denne stranda blei eg også kjent med min nye beste venn:) 
Eller i alle fall eit lekkert blad, Country Living. 
Perfekte palmer


Her er vi på ein deilig middag i solnedgangen.
Hawaii inspirert dessert. Nam!
Nordmenn som vi er, måtte vi sjølvsagt gå på tur!
Vi gjekk den kjende Kalalau trail, som angiveleg skulle ta oss til ei vakker strand.
Det fyrste som møtte oss var x antall advarselskilt av typen;

Be aware, there might be rocks on the trail
WARNING rocks can be slippery
Look out for dangerous sand
Please remember to put one foot before the other..

Olala, virkar mykje skumlare å gå til fjells i Amerika enn i Norge:)
Vi stod grytidlig opp for å unngå den verste varmen. Men då vi begynte å nærma oss målet så var vi rimelig svette. Og då møtte vi dette skiltet:
Hmm, får vi ikkje bada på den vakre stranda når vi endeleg kjem fram seier du?
Akkurat. 
Men berre synet av den var verd turen:)
Vi var på noko som heite Ziplining. Knallgøy! 
Vi flaksa mellom tretoppar på 25 meter, hengande i ein stålvaier.
Vi måtte og gå på relativ skumle bruer.
Stemningsbilete:)
Vi måtte reise tilbake til Bergen frå Honolulu, så vi bestemte oss for å ha ei natt på Waikiki. 
Det var rimelig ulikt på Kauaì. 
Skyskraparar på stranda og skikkelig storby. Det var kult å oppleva det også. 
Utsikt frå hotellet på Waikiki:)
Ein tur til Pearl Harbour er sjølvsagt obligatorisk. Det var veldig fint å vera der, de hadde laga det skikkelig bra til. Det som gjorde mest inntrykk var å sjå filmen som dei hadde satt sammen av orginale filmklipp/bilder frå krigen og angrepet. Vi blei frakta ut med båt til minnesmerket over USS Arizona som var eit stort krigsskip som blei bomba. Skipet ligg der endå, du kan sjå toppen på det til høgre. 
Det lekker framleis olje frå vraket. 
Eit lite kjerestebilde til slutt!
.....så levde dei lykkelig i alle sine dagar....
iallefall til oppussinga startar:)

Det var slutten på forteljinga om vår bryllaupsreise, no er det striskjorta og havrelefsa som gjeld!

Ha ein fin tirsdagskveld!


2 kommentarer:

cecilie sa...

Åååå for ein plass! Kjempe fine bilder, ser ut som ei oppleving! :) kjempe kjekk blogg Marianne! du e flinke! ;)

Marianne sa...

Tusen takk Cecilie:)
Ja, da va heilt fabelaktig der! Nesten litt trist å tenke på at eg sannsynligvis aldri kommer tilbake dit.
Ha ein strålande tirsdag:)
klem!