lørdag 26. november 2011

Ønskeliste frå Hviit

Eg såg at den lekre nettbutikken Hviit.no har ein gøy adventskalender. 
Kvar søndag trekk dei ein heldig vinnar av si ønskeliste. 

Her er mi ønskeliste for den fyrste veka:)

Det er ikkje akkurat vanskelig å finne flotte ting i denne butikken. 

God helg:))


onsdag 23. november 2011

Juleinspirasjon

Så kjekt å sjå at eg har fått så mange følgere:)
VARMT velkommen til dåke alle!
Og tusen takk for alle dei koselige kommentarene, 
eg smiler som berre det her eg sit:)
No er eg nettopp komt heim frå jobb i Stockholm. 
Og som alltid så har eg snopt med meg Sköna Hem. 
Tenkte eg skulle dela nokre av dei vakre bileta med dåke.

Foto Skönahem.com
Eit vakker julehus, med eit enkelt pynta juletre.
Eg har i grunn bestemt meg for at eit juletre må vi ha. 
Sjølv om det kun vil få selskap av sparkel, gipsplater 
og eit hissig nygift par som skal skru opp IKEA kjøkken:)

Foto Skönahem.com
Pitte litt pynta julekjøken!
Vi har jo vindauga midt i kjøkeninnredninga, 
så då hadde det passa strålande med to vakre kransar.

Foto Skönahem.com

ELSKER denne grønnfargen!
Vi får diverre ikkje plass til ein så flott peis. 
Men vi får derimot plass til eit lite trancherbord
Tenkte kanskje å måle eit slikt IKEA bord grønt. 
Nokon som har erfaring med denne fargen eller lignande?

I dag har vi overtatt huset!
o lykke, dette skal bli kjekt:)

God veslelaurdag til deg


mandag 21. november 2011

På eit kjøken frå IKEA

Det er ikkje ofte eg er på IKEA. 
Mest fordi at vi ikkje har bil. 
Men i dag hoppa mannen og eg på bussen til IKEA. 
Vi måtte ut å få litt kjøkenhjelp!
Eg kunne jo eigentlig tenkt meg eit Kvänum eller Sigdal kjøken, 
men IKEA får gjera nytta denne gongen. 


Syns dei har masse fint, til og med inspirerande borddekking. Tenk kor koselig å få ein liten pakke når du kjem på middagsbesøk. Den kan jo inneholda alt frå ein shot med tequila og ein lite pose salt:)


Koselig med "Ludde" på kvar stolrygg!
Passar fint til vinter og kulde. 


Eit lite glimt av vårt framtidige kjøken. 
Det blir ikkje dei store sprella på kjøkeninnredning, men desto meir kan ein jo krydra i etterkant:)
I dag fekk vi nyttige tips hos flinke IKEA folk og kom eit steg vidare. 

Eg var super flink, og tok kun med meg det mest nødvendige frå IKEA. 
Pepperkakedeig og pepperkakeformer. 

Det som er digg med ferdiglaga pepperkakedeig,
er at eg kan bare snike ut litt deig å lage meg ei pepperkake eller to.

Nam, pepperkaker og Jakten på kjærligheten på opptak!
Elsker IKEA og pauseknapp på TVen. 

Håpar du ha ein fin vekestart:)

Beklagar litt kornete bilete i dag, kun iphone som var med:)

søndag 20. november 2011

Julestemning på bloggtreff

Då nærmar ei kjempe fin helg seg slutten. 
I dag har vi vore på bloggtreff hos Den Grønne Baljen på Minde:)

Det var kjempe koselig å treffe andre bloggara, og ikkje minst kikka og shoppa i den fine butikken.

Det var ein julepynta butikk som møtte oss, med duft av gløgg og pepperkaker og med julemusikk. 
Relativ orginal juletrefot vil eg sei:)

Når eg såg dette så fekk eg lyst å vera 7 år, og spinna rundt på isen i ei raud vakker kåpe. 
Også med ein sånn pelsting til å ha hendene i!
Men då hadde det vel enda med mageplask på isen og blodraude skøyter:)

Vakker heimalaga juletrepynt. Eit raudt hjerta og eit kremmerhus blei med meg heim. 

Skjønn innpakkning på stearinlys. 

Hallaien, e det nokke rester til meg eller?
Eit reinsdyr med bergensdialekt. 
Knallkul pute til eit flott dekka bord!


Ein fin og annarleis måte å ha telys, i ei hengande panne på kjøkkenet for eksempel:)


Det var ikkje berre jul, det var også andre flotte varer. 

Kule esker i ulike format, nr 2 frå toppen blei med meg heim og skal husa perler etc. til scapping. 
Litt vanskelig å sjå her, skal visa den ein anna gong:)


Så til sjølve juvelen:)
Denne har eg gått å drømt om ei stund no.
Den blei plutselig ei julegåve til meg sjølv!
Det er altså hylla eg meinar, sukk. Den er så fin. 
Eg skal ha den på hobbyrommet mitt. 

Håpar du har hatt ei fin helg!

God søndag:)


fredag 18. november 2011

Julegåver

Ein liten tur innom for å vise dåke nokre av dei julegåvene eg pakka inn i går:)
Blei så inspirert av BoligPluss som hadde ein sak på gåveinnpakking. 

Dei blei ikkje akkurat i den så flotte, men eg har komt meg veldig siden i fjor. 

Det er naturhyssing og andre naturelementer som gjeld i år:)
Det blir jo veldig koselig, "julete" og heimalaga. 

Kven vil vel ikkje ha englevinger til jul?

I helga skal vi opp i huset og ta nokre mål, på middagsbesøk,
og ikkje minst så skal eg på bloggtreff på søndag!

Ønsker deg ein kjempe fin fredagskveld:)

PS. Neste søndag er det 1.søndag i advent, så det er ikkje sååå lenge til jul.

torsdag 17. november 2011

Fuglebur og ananasvase


Som eg har skrevet om tidligare, så var vi på bryllaupsreise i USA i sommar. 
Vi var blant anna på Hawaii. Der fant eg dette fine fulgeburet:)
Mannen lurte veldig på kva eg skulle med eit grønt fuglebur. 
Vel, fuglebur var kanskje fjordårets trend, men eg elska fargen og forma. 
Og eg måtte jo nesten ha med meg ein souvenir heim 
+ at eg kunne putte masse andre nyttige (?) ting oppi den på ferda over Stillehavet og Atlanterhavet.
 God nok grunn for meg:)


Den morsomaste souveniren eg fant var denne utrulig merkelige ananasvasen (!)
Lurer på om det er mange turistar som vi ha det
"Ja, no som eg er på Hawaii så må eg jo ha noko med ananas med heim, 
kva med denne fagre vasen? Den passar jo til alt"

Den blei altså ikkje med til det kalde nord, men eg måtte berre ta eit bilete:)

No skal eg kose meg med å pakke inn julegåver.

Ønsker deg ein fin kveld:)

Når eg ser etter så er jo ikkje dette ein vase! haha, det er jo ei mugge!
Eg er nok miljøskada, eg bruker vertfall dei fleste muggene som vaser:)

tirsdag 15. november 2011

Solgt!

Då var leiligheten solgt, og eg er ca 10 kg lettare 
(og må derfor feira med litt sjokolade for å retta opp desse kiloane)

Det er overtakelse snart, det betyr tidlegare overtakelse av huset! ohoi, så kjekt:)


I tida etter kjøpet av huset har eg drømt, teikna, planlagt og drømt litt meir. 
Om få dagar skal vi begynna å setta draumane ut i verkeligheta.
Plutselig fekk eg det veldig travelt:)


Eit lite glimt av vår framtidige utsikt. 
Og ikkje minst eit av mange "før" bilete. 

Tirsdag i dag, masse snadder på tv.
Ha ein fin fin kveld:)

PS. SÅ kjekt at mange likte lysfatet mitt og (kanskje) kyllingsuppa!
Tusen takk for alle dei fiiine kommentarane:)

søndag 13. november 2011

Hot kyllingsuppe

No er vinteren verkelig i anmarsj! Det er kaldt og friskt, spesielt på kvelden. Deilig:)
Då smakar det ekstra godt med ei god, litt hot kyllingsuppe.
Eg må berre dele ei knall god oppskrift på kyllingsuppe til fire med dåke. 
Denne har eg laga to gonger no, nam!


2  kyllingfileter
1  eple
1  løk
2 ss smør
1 ss karri
2 boks hakket tomat hermetisk (hakket)
1 dl vann
3 dl matfløte
2  grønnsakbuljongterninger
1 ts sukker
½ dl finhakket persille

Kald ostekrem
1 beger Snøfrisk naturell
3 ss lettrømme
 
Del kyllingen i biter. Skrell og del eplet i mindre biter, finhakk løken. Smelt smør med karri i ein kjele.
 
Brun kyllingbitene raskt. Fres eple og løk i smøret og tilsett vann, tomater, buljong og matfløte. La alt få eit oppkok og la det småkoke i 5 - 10 minutter. Legg i kyllingbitene. 
 
Bland Snøfrisk og lettrømme til ein jevn krem.
 
Smak suppen til med salt, pepper og sukker. Ha kremen i sprøytepose og sprøyt litt i tallerkenen, eller bruk ei skjei. Hell over rykende varm suppe. Dryss hakkede krydderurter over og ha i nokre små biter kyllingkjøtt.
 
Foto Tine
 
 Ser at eg har litt å læra på matstyling, hehe! 
Oppskrifta er nemlig henta frå Tine sine nettsider, men det var mamma som tipsa meg om den:)

Ha ein fabelaktig søndagskveld
 
Eg skal kosa meg med Downton Abbey. 
Elskar sånne seria:)



lørdag 12. november 2011

Mitt lysfat

Fabelaktig har ein utfordring på sin blogg om kva lystfat som finns i bloggverden. 
Eg likar å endre på lysfata mine. Akkurat no ligg dei fleste ingrediensane til eit fabelaktig lysfat i esker, men eit lite fant vegen til bordet i dag. 

Vakre naturelementer og eit enkelt lys. 

No er vi klar for rolig laurdagskveld, men nachos og avslapping på sofaen!

Hejdå:)


fredag 11. november 2011

Kvite tulipaner

Tulipaner er alltid fint, uansett årstid:) 
No om vinteren (ja det er faktisk vinter tross særs høge + grader) syns eg det er fint meg kvite tulipaner. Spesielt når det er kaldt og friskt ute.


I dag er det jo fredag, og då har eg plukka med meg ein fin bukett til helga. 


Ein lite svibel blei også med heim. Siden ting står litt på hovudet her pga av flytting etc. hadde eg ingenting å putte den oppi. Så eg endre opp med cognacglas! For cognacglas må ein jo ha, uansett om ein bur i ein koffert eller eske:)
Faktisk så blei det ganske kult. 

Foto C.Esbensen

Eg må pynta litt ekstra i heimen i dag, for eg for besøk av verdens beste forlovar:))
Jeii, da blir skikkelig jentehelg!

Goood fredagskveld til deg:)