søndag 6. november 2011

På luftetur

I dag måtte eg beint ut på ein luftetur når lyden frå cupfinalen på TVen blei litt i høgste laget for meg. Heldigvis var ei god venninne i samme situasjon. Vi har hatt ein frisk gåtur rundt i Bergens gater. 
For ein flott by vi bur i. 

Bilde tatt med Iphone på Bergenhus festining
Det er veldig koselig å gå slik på søndagar (når Brann er i cupfinale), det er så stille og lite folk. Vi har kikka inn vindauga på mange flotte butikkar. I ein bruktbutikk fant eg noko som eg fallt heilt for. Heldigvis stod telefonnummeret til butikkeigaren rett ved siden av, så no har eg fått lagt den av. 
Meir om det når den er i hus:)


Ein liten kikk inn vindauga til W.Thomsen i Kong Oscars gate. 
Rutete flanell sengesett og "pels"pute - Jatakk:)


No begynner lukta av pinnekjøtt å spre seg i heimen. Ja - det er fyrste spretten. Det var mannen i huset som hadde eit strekt ynskje om julemiddag. Det han kanskje gløymte var at då kjem òg julemusikken snikande. Dei høyrer jo saman, pinnekjøttet og julemusikken. 
Eg har altså kjøpt årets fyrste julealbum, og det blei Michael Bublè sitt.
Litt usikker på kva eg syns endå, det var iallefall nok med 3 songar - så blei det tilbake til Melody Gardot

Fin søndag til deg:)


5 kommentarer:

Pink lady sa...

Det høres ut som en fin søndag! Vi har sett cupfinalen hjemme og hatt middag hos svigermor. Nå har jeg fått meg en kopp kaffe og funnet frem strikketøyet!

Klem

Frøken Loppe sa...

Hei!
Ja, Bergen er ein vakker og flott by!!
Deilig med søndagar der ein kan tusle rundt å nyte dei nære tinga.
Det som ein ikkje alltid ser når ein springer frå det eine til det andre i kvardagen!
Ha ei flott ny veke!!

Fabelaktig sa...

Så herlig det øverste bildet var! Jeg er helt antifotball, så jeg forstod godt at du valgte en luftetur.

Lexington sin vinterkolleksjon er bare ELSK!

Vi skal smake på julen neste helg vi :)

Fabelaktig søndag videre!
klemklem

rod i hob sa...

Hei!
Her går det godt ser eg :-)

Kjekt med kommentarar frå deg -eg er og ganske flink til det, når eg tar meg tid mellom kvardagens kjas og mas :-)

*Fri-mandag* e deilig, då får eg ordna opp litt etter ei travel helg i heimen!!

Ha en super dag :-)

salige lavendel sa...

For et utrolig vakkert bilde av Bergen!!! Ser jo mer ut osm det er tatt i Frankrike...