Min fyrste bloggutfordring:) Spennande!
Utfordringa kjem frå Mrs Hardy, og går ut på å fortelja om bakgrunnen for valg av bloggnavn.
Eg begynte fyrst å blogge i anledning vårt bryllaup 20.august i år. Siden vi hadde eit 3 dagars bryllaup, så ville vi ha ein kanal å nå gjestene på med all praktisk informasjon etc. Eg hadde følgt med i bloggverden i snart to år, og hadde lenge tenkt på å starte ein eigen interiørblogg.
Likte det kjempe godt og fekk masse positivt respons.
Derfor bestemte eg meg for å opprette ein eigen blogg etter bryllaupet.
![]() |
| Foto Baroniet.no |
Vi gifta oss i Baroniet i Rosendal, der eg kjem frå.
Under bryllaupet budde heile svigerfamilien min i eit hus som tilhøyrer Baroniet, nemleg Fruehuset.
Eg har alltid likt navnet på dette huset godt, og plutselig gjekk det opp for meg at eg skulle jo bli fru!
I tillegg har vi ei stund leita etter drømmehuset i Bergen. Det har vi no funne, og dermed passa da heilt perfekt med Fruehuset. Størstedelen av familiane våre bur i Rosendal og Førde, så ein blogg vil vera ein kjempe fin å holde dei interesserte oppdatert på.
Bloggar også for å inspirere og ikkje minst bli inspirert!
No ser vi slutten på forberedelsene til salg av leilighet. Trur faktisk aldri den har vore så strøken og rein:) Vi fekk god hjelp av to kjempe snille kompiser av husbonden! Heldigvis, ellers hadde vi holdt på fortsatt:)
No er det berre siste finishen som gjenstår, og det er jo koooos.
Blir så fint med friske blomar og ryddige overflater.
Eg har som fast innslag på laurdagar å kjøpe friske blomar, herlig!





































