søndag 2. oktober 2011

Søndag allerede?

Puh! Denne helga har rast avgårde. 
Vi kom seint heim til Rosendal på fredag og reiste tilbake til Bergen i formiddag. 
Men det har vore ei kjempe kjekk helg. Vi har endelig fått sett på alle dei vakre gåvene vi fekk til bryllaupet. Det er overveldande. 
Det er så fint å lesa alle korta som vener, familie og bekjente har skreve. Trur eg må laga ei lita samling, så dei får komma til sin rett. 


No har det meste komt vel heim med oss til Bergen:)
Eg måtte plukka med meg litt Dynastiet blomar (som mamma kallar det, usikker på kvifor:) i hagen på vegen. Dei står i ein nydelig vase, blant service, bestikk, kunst og andre flotte ting.
Beklager dårlig fotolys, hausten er visst komen ja - det blei visst ikkje sommar på ny allikevel. 
Utpakkinga må vi nok utsetja til i morgon, for no ligg vi som slakt på sofaen og gler oss til "Alt for Norge". 

Håpar du har hatt ei kjekk helg!
I morgon er det endelig mandag:)





Ingen kommentarer: