mandag 31. oktober 2011

Ein skogstur

I helga tok vi oss ein tur i skogen på jakt etter kongler og mose:)


Mosen ligg som eit teppe over bakken, og var veldig enkel å ta opp.


Etter inspirasjon frå Livs Lyst, laga eg tre mosekuler surra med naturhyssing. 
Måtte ta med meg ei ny ladning med Dynastietblomar.


Tilslutt havna mosekula og kongler saman med lys på det nye fatet frå Stemning.

Fin mandag:)


Marianne:)

lørdag 29. oktober 2011

Laurdags lykke

I dag har vore ein strålande dag så langt. Mamma og eg har vore på handel. Alltid når eg er heima så er vi på handel og ikkje på shopping:) Koselig! Vi har faktisk fått handla fleire julegåver, så digg å vera i gong med det. Det blir så mykje kjekkare når ein har god tid. 


Vi var ein tur på Galleri G Guddal for der hadde dei fått inn flotte munnblåste glas med inngravert hardangersaum av glasblåsar Silje Syse frå Ulvik. Dei var utruleg vakre og unike! Det kjem inn fleire produkter med dette mønsteret på, kanskje det blir ei julegåve?:)


Ein tur på bokhandleren er òg obligatorisk:) Det er så koselig med sånne små uavhengige bokhandlarar. Her fann eg desse bøkene som skal på mi ynskjeliste til jul.

Ein av mine favoritt butikkar er interiørbutikken Stemning. Dei sel masse flotte ting, bla frå Bloomingville og Green Gate. Her er ei kul korg lignande greie, tenkte den hadde vore fin til å på badet. Det vesle fatet i stein måtte eg sikra meg, det skal snart få besøk av kongler og lys. 


Ein ny type zink hus, som ikkje var i zink - litt usikker på kva det var. Men fiiine var dei. 

No som vi har fått hage, så må vi ha eit hus til fuglane. 
Dette frå Bloomingville fallt eg heilt for, men som mamma poengterte "da e jo ikkje nåke du ha". 
Og ho har jo forsåvidt eit poeng, vi bør jo kanskje kjøpe golv, kjøkken og nye røyr før vi kjøper fuglehus..

Helga heime svarer heilt til forventingane. 
Igår hadde vi forresten ei knallgod kyllingsuppe som eg skal legga ut oppskrift på seinare.
No er det avgårde på barselbesøk:) jeii!!

God laurdagskveld vidare. 

Marianne:)

fredag 28. oktober 2011

Heima

Eg har to stader som er heima for meg. 
Leiligheten (snart huset:) i Bergen, og heima der eg vaks opp i Rosendal i Hardanger. 

Foto Baroniet.no
Denne helga er eg heima hos mamma og pappa:) Det er alltid kjekt å komma heim til da som (ved opplett og skyfri himmel) ser ut som eit nasjonalromantisk maleri. Eller eigentlig så treng det ikkje vera opplett ein gong. Fleire fiine interiørbutikkar og galleri fins der òg her inne, dei skal eg besøke i morgon.

Eg ser fram til familiemiddag, familielunsj, barselbesøk til ei god venninde, cafè, god heimalaga mat og godt selskap. Det beste selskapet i verda for meg:)

God helg til deg og dine!

Marianne:)

onsdag 26. oktober 2011

60-talls garderobe

Tusen takk for koselige kommentarer på forrige innlegg:) Då blir eg så glad!
Det kjem nok nokre fleire bileter frå bryllaupet om litt.

Siden vi har kjøpt eit 60-talls hus så har vi jo sjølvsagt ein del originalt inventar.
Blant anna så har vi 60-talls innebygd garderobe på to av soveromma.
Eg har vel allereie stadfesta at dei tre skapa du ser her er for lite, og verre skal det vel bli:)


Men eg har veldig lyst på ei litt meir moderne løysning.
Tenker kanskje å bare fjerne heile veggen/dørene framfor den innebygde garderoben og kjøre 100% IKEA inn der.
Det må vel gå an?
Foto IKEA


Valets kval står mellom skyvedørsgarderobe eller dører med hengsel.
Eg syns eigentlig at dei med vanlege dører er finast + at skapet er ikkje så bredt så det er nok mest praktisk og.
Litt usikker på om eg vil ha dører som er gjennomsiktige, det er ikkje så veldig representativ i skapa mine alltid:) 
Foto Fargerike

Inni skapet har eg planar om å feste tapet på den bakerste sida. Var inne på Fargerike sine sider og fant Halvor Bakke sin tapet som kjem i desember. Jeii! Likte denne veldig godt:)
Men det spørs om husbonden likar lilla blomar med skjortene sine..

Foto Flügger
Eller kanskje denne frå Flügger. 

Google
 Tapeten bør nok vera den samme eller mathce det som truleg blir ein fondvegg på soverommet.
Eigentlig hadde eg tenkt den noko meir i ein brun-ish farge. 
ååå:) så mange spennande valg som skal tas!

Nokon som har erfaring med sjarmerande innebygde 60-tallsskap?:)

Ha ein fortryllande kveld!

Marianne:)

mandag 24. oktober 2011

Upper secret

For nokre månadar siden fôr eg rundt i byn frå blomabutikk til blomabutikk for å finna dei heilt perfekte rosene til brudebuketten min. Den skulle jo sjølvsagt matche innbydelser, bordhefte og bordkort. Det var veldig kjekt, og eg trudde det skulle bli kjempe vanskelig å velga ut noko frå alle dei flotte rosene. 
Men plustelig dukka det opp ein afrikansk skjønnhet, nemlig Upper Secret.


Eg har kjøpt dei fleire gonger etterpå fordi dei er såå nydelige! Til og med brukt dei i ei takkegåve til ei super vennine som hjalp masse til med forberedelser til bryllaupet. Kjekt å kunna gje dei samme rosene som var å finna i fleire stader i bryllaupet. Og no dukkar dei opp over alt, gøy at dei blir meir tilgjengelige. 

Foto Bodil Haga

Eg var utrulig fornøyd med buketten (og alt anna:)
Her er eit bilete frå den store dagen, rett før pappa kjem og hentar meg hos frisøren.
ååå, for ein dag! Det kjem kanskje fleire bilder frå dagen i nærmaste framtid.
Det er i alle fall ikkje tvil om at eg kjem til å leva lenge på den opplevelsen. 

Gler meg veldig til å gjera klart takkekorta, som sjølvsagt også matcher rosene.

Ha ein fabelaktig mandag!

Marianne:)

lørdag 22. oktober 2011

Julepakke i posten

Det er ikkje jul i Fruehuset endå altså, men ein må vera
tidleg ute med å planlegge om ein skal få tak i gobitane. 

Pakke i posten er nåke av da kjekkaste eg veit:)
Sjølv om det er eg som har bestilt det, og eg veit kva det er.


I dag kom ein pakke med juleinnhold, to nydelige putetrekk og ein fin lysestake frå Mias Interiør. 
Likar veldig godt tekstiler med sånne enkle striper på, kanskje eg må kjøpa duken også? 
Det passa ekstra godt med lysestaken, for eg har jo pakka ned alle mine (!)
Vi skulle visst ikkje kose oss med levande lys før i desember vi.
Men det var jo enkelt å løysa med å kjøpe ny:)


Var ein tur innom Åhlens også, der var det blitt endå meir jul siden sist. Så eg måtte handla med meg noko juletrepynt. Det har eg nemlig ikkje (nesten). Då eg kom til kassen sa ekspeditøren at dei ikkje fekk inn meir av juletrepynt, og desse kom til å gå fort. Ja, så då måtte eg nesten ha nokre ekstra:) Pynten skal pakkast ned å ligga og venta på adventstida.

Lurte på om eg skulle kjøpe julesengklær også, men når eg sendte dette bildet til husbonden fekk eg beskjed om at det såg ut som at ein måtte sove i julenissen sin kjeladress, så då blei det ikkje det:)


Til slutt tok et turen inn på Tilbords for å kjøpa to av dei nydelige tallerkane vi manglar i bryllaupsservice. 
Det var tydeligvis "Damenes helg" i byn. Det burde eigentlig få alarmklokkenen til å ringe. 
Det var enormt med folk, masse damer:) Når alle desse damene + meg stod i kø på Tilbords var det om å gjera å vera om seg når eg blei kalt bort til kassen. 
Det er ikkje hadde tenkt på var at eg hadde jo kjøpt ut Åhlens`juletrepyntlager, og hadde litt brei last..
Derfor braste eg inn i ei slikt fint tårn av vinglass, du veit - sånn som står fint dandert oppå kvarandre. 
Reiv med meg ei eske ned på golvet
*KNAS*
"Oi, eg trur kanskje dei knuste" sa eg idet eg løfta eska
*DOBBEL KNAS*
sa eska då...

Men ekspeditøren var superskjønn og sa at det var heilt ok, gjorde ingenting,
Uff, det var uansett fryktelig flaut...

No skal husbonden og eg ut å ha ein sein lunsj/tidlig middag på ein nyopna japansk restaurant på hjørna, så kan laurdagskvelden berre komma!

Ha da fint så lenge. 

Marianne:)

fredag 21. oktober 2011

Bloggtreff i ein grønn balje

Eg har meldt meg på mitt fyrste bloggtreff:) Det gler eg meg skikkelig til. 
Det er butikken Den Grønne Baljen i Bergen som inviterer søndag 20.nov. 
Eg veit eigentlig ikkje heilt kva det går ut på, men stikkord som 
  • møte andre kjekke bloggara
  • bli inspirert i ein unik butikk
  • sikker handla litt:)
  • og kosa oss
..gjer at eg har veldig tru på at dette blir kjekt!
Gler meg til å sjå varer frå blant anna Hubsch
 
Bilde lånt frå Den Grønne Baljen

Som denne kule saksa, passar perfekt inn på det nye hobbyrommet mitt (Ja, eg får eige hobbyrom!:)

Kanskje du også har lyst å vera med?

Fredag igjen gitt! Straks klar for Idol, gullrekka og heimalaga hamburger, herlig:)
Ha ein kjekk kveld!

Marianne:)

torsdag 20. oktober 2011

Harry Potter møter Twilight

..og ein dasj av Dan Brown.
Den siste boka eg har lest heiter "A discovery of witches" av Deborah Harkness. 
Følgande anmeldelse av boka  gjorde at eg plukka den med meg frå bokhandlaren:
"Like magisk som Harry Potter og Twilight. 
En uimotståelig historie om heksekunst, viteskap og forbudt kjærlighet"


Boka var heilt fantastisk! Om du likar den sjangeren då:)
Det skal vel seiast at eg er stor fan av både Harry Potter og Twilight, denne boka har nokre likheter men er for eit litt meir voksent publikum. 
Av og til er det å kjekt å lese bøker som er heilt annarleis og som introduserer ein eigen verden.
Det er ein del ein triologi så no er det berre å vente til oppfølgaren kjem. 
Ein fortryllande historie om kjærlighet, magi og masse spenning.

No er leiligheten lagt ut på finn.no, har du lyst å sjå trykk her.
Wæ! Kjempe skummelt og spennande:)

No er det strak ut på sofaen etter ein hektisk dag. 
Håpar du ha ein fin kveld. 

Marianne:)

tirsdag 18. oktober 2011

Grey`s tonar

I dag er det endelig tirsdag, og "tv-kveld". 
Merkelig eigentlig, men tirsdagar har så lenge eg kan huska vore synonymt med tv-kveld og Tv2. 
Det virkar som det er mange (jenter oftest) som også har det slik på tirsdagar:)
Tv2 har jammen klart å holde lenge på den, eg hugsar for eksempel at Judging Amy blei sendt der ein periode. Og ikkje minst Friends gjekk jo også på tirsdagane. 


I dag er det Grey`s, ein stor favoritt. Eg begynte tidlig å kjøpe musikk frå serien, for det var så mykje nytt og fint. I ein av mine favorittepisodar "It`s the end of the world" og oppfølgaren "As we know it" fant eg to flotte artistar. Og ei av dei norsk:)

Veit ikkje om du hugsar, men det var den episoden då det var ei bombe som satt fast inni ein pasient (jada, just another day at the office) og Meredith måtte av ein eller anna grunn holda på den. Dramatisk nok:)

Anna Nalick og Kate Havnevik er då damene er prøvar å fortelja om her. 
Om du likar Grey`s musikk så anbefaler eg Nalick med "Breathe" og Havnevik med "Unlike me"



I dag har vi begynt å synga julesongar i koret på jobben!
Ein av mine favorittar "En stjerne skinner i natt". 
Blei så glad av å synga den at eg måtte gå rett å kjøpe meg mandariner. 
Bare så synd at dei smakte platsikk med bitter sitron på. 

God tvkveld:)




mandag 17. oktober 2011

Fin mandag

I dag har eg hatt ein strålande mandag:)

Vi har fått bryllaupsbildene av fantastiske Bodil Bo.
Fotograf har vore å tatt (forhåpentligvis) flotte bilder av leiligheten
Vi har fått bryllaupsvideoen vår (litt synd at vi har pakka vekk DVD spelaren:)
Har vore på superkoselig middag på restaurant med to gode studievenniner.

Ikkje akkurat ein typisk mandag, men slike mandager er hjertelig velkommen hos meg!


På veg heim går eg forbi den vakre Slettvoll butikken.
Denne stolen hadde nok også gjort seg i huset. 
Eg er visst veldig opptatt av stoler om dagen.
*Drømme drømme*

I dag har vi ikkje teppe under stovebordet, men eg kunne eigentlig tenkt meg det. 
Det er mykje av slike tepper i ull for tida, som dette ifrå Slettvoll. 
Nokon som har erfaring med sånne?
Tenker kanskje dei er vanskelige å reingjere?

Fortsatt fin mandag:)

Marianne